filmov
tv
Durham Lockout - Stein og Jord med Tony

Показать описание
Tekst og melodi: Tommy Armstrong (1848-1919)
Frå albumet Fridomsharpa – Opprørssongar Frå Irland, Skotland og England av Stein Og Jord med Tony
Plateselskapet Mai – MAI 7702
Same opphavsmann som "Streiken i South Hedomsley".
I mars 1892 krevde gruveeigarane lønnsnedslag på meir
enn 10% i gruvene i Durham. Då arbeidarane nekta
å gje seg, sette dei i verk lockout.
Det vart harde kampar i fleire veker. Men til slutt
måtte arbeidarane, som lei under hungersnaud, gå til
forhandlingar. Då krevde eigarane at lønsnedslaget
skulle ankast til 13½% - og arbeidarane svara med ny
streik, heilt til eigararte gjekk attende til 10%-kravet.
Her i Durham County har livet vorte hardt
Og hungeren og nauda vert verre etter kvart
Vi manglar både mat og kol, men trassar naud og sut
og med di trugne støtte skal vi halde kampen ut
Og ikkje treng eg seie kvifor børa vår er tung
For herrane sin vondskap kjenner gammal så som ung
Vi trassa deira vilje, let dei ikkje trø oss ned
Så stengde dei kvar gruve for å tvinge oss i kne
Og kaksen krevde lønnsnedslag på meir enn ti prosent
Dei truga oss med lockout, men vi nekta like plent
Så gruvene vart stengde og maskinane tok stopp
Men sjølv om vi vert arbeidslause gir vi ikkje opp:
Alle hjul står stille, ikkje stig det nokon damp
Frå gruva har dei henta opp kvar ponni og kvar gamp
Og utan jobb og penger kan vi svelte til vi dør
For herrane dei drikk og fråtsar like godt som før
Arbeidaren og kona hans må vandre langt og vidt
Og samle mat så borna kan få døyve svelten litt
For tønna som er torn for mjøl - ein god og trugen venn -
får tusen til å ønskje dei fekk arbeide igjen
Nei, aldri får dei nok av kapital og tyranni
Og herrane si rovdrift gjer at arbeidsfolk får svi
Dei seier dei er nøydd å senke lønna etter kvart
Men det er ikkje sant, så vi lyt setje hardt mot hardt
Vi helsar kameratane i gruve og i sjakt
som støtta oss i kampen imot tyranniets makt
Og takk til andre arbeidsfolk for støtta som vi får
Nei, ingen mann skal tvile på at retten, han er vår!