Svalbard-dollar: eit norsk krypto-prosjekt på KÅKÅnomics

preview_player
Показать описание
Svalbard-dollar: eit norsk krypto-prosjekt på KÅKÅnomics

Svalbard var lenge ein «pengepolitisk daudvinkel»: I tidsrommet 1906-1978 var det gruveselskap, ikkje sentralbankar eller private bankar, som utferda pengar. Svalbard er ei forteljing om amerikanske, britiske, norske, russiske, sovjetiske og svenske lokale setlar og myntar. Og ei soge om korleis tillit til pengar var ein direkte funksjon av fysisk arbeid og gruvedrift. I moderne tid – no for tida – dukkar det opp talrike kryptovalutaer som på same vis som Svalbard-pengane er tufta på «proof of work» og «mining». KÅKÅnomics 2019 byr på ny norsk kryptovaluta!

Deltagere:
- Morten Søberg, forfatter, samfunnsøkonom, politiker og direktør for myndighetskontakt Sparebank 1-alliansen
- Nikolai Gobel, sjef i fintechselskapet Kaupang krypto

Programleder er Terje Vallestad, frittgående kulturgründer i Stavanger

Svalbard-dollar er eit prosjekt i regi av SpareBank 1: Det skal bringa til torgs kunnskap om pengar som sosialt fenomen og testa ut ein ny kryptovaluta tufta på dei arktiske Svalbard-pengane. Neste år fyller Svalbard-traktaten (den einaste avtalen frå Versailles-forhandlingane etter fyrste verdskrigen som framleis gjeld) 100 år. Då er også tida inne for hypermoderne Svalbard-pengar.
Рекомендации по теме
join shbcf.ru