Vinteren i Jotunheimen - kor skal eg starte?

preview_player
Показать описание
Vinteren i Jotunheimen. Kor skal eg starte?

🏔️Vi er kjent for å ha landets høgaste fjell, og kanskje tenkjer du at ein må vere «verdsmeister» på ski for å stikke på tur i dette området. Der tek du feil!

⛷️I Jotunheimen fins det både stutte og lange, slake og bratte turar, milevis med kvista løyper, og noko for alle nivå! Dessutan; trivelege turisthytter ligg som fjellperler på ei snor og byr på frukost, niste og middag, mjuke senger, fyr på peisen og hyttehygge! 🔥

❄️☃️Her kan du lekke deg i snøen, ake med ungane, drikke kakao og eta vaffel- og berre slappe av, om du ynskjer det! ☕️🧇

🎄Eg vonar du nyttar jula til å drøyme om (og planlegge) ein nyttårstur til fjells! Og rekk du ikkje i vinter, ligg plutseleg sommaren rundt hjørnet og lokkar med irrgrøne brevatn, frisk luft, merka stiar, glitrende brear, opne hytter (og hotell og camping i Lom sentrum), spennande butikkar, fantastiske restaurantar og massevis med aktivitetar!

🤶Eg ynskjer deg ei gullegod jul der du er❣️Gjer ho aktiv og avslappande etter eiget ynskje, og ta sats inn i nytt opplevingsrikt år!

🙏Tusen takk for at DU følgjer oss i det sosiale universet, og velkomen på besøk i den fysisk fantastiske fjellheimen!

Juleklem frå oss i Visit Jotunheimen 😉

Рекомендации по теме
visit shbcf.ru