Ofelias vise.WMV

preview_player
Показать описание
Herborg Kråkevik, Kråkeviks Songbok

Ofelias vise
Det står seg ein pil og luter
alt over den blanke å.
I morgon er dagen åt sankt Valentin,
då makast dei fuglar små.
Kvi vart det så mørkt, ditt auga?
Kvi heldt du så hardt mi hand?
Din sukk var så tung, du ljuve prins,
som båra mot Kronborg strand.
Ta att dine dyre gåver!
Eg stryk dei or hugen min.
For dyraste skjenk blir meir enn arm
når gjevaren skifter sinn.
Dei talar om svik i Danmark.
Og kva skal ein arming tru?
Kven felte ei tåre på grava hans,
du Danmarks fagre fru?
Og no er han borte, borte,
Sjå nådig til hans sjel!
For gode min Robin var all mi lyst,
dei seier han enda vel.
Men kan eg vel anna gråte,
du Danmarks frue og mor,
te tenkje på at dei la han i
den kalde, kalde jord?
Ta rosmarin til eit minne!
Og du får ein anger-urt!
Eg ville ha gjeve deg blå fiol,
men han visna då far kom bort.
Så fare då vel, mi duve!
Lev vel i den edle krins!
God natt, god natt, alle fruer små!
Og atter god natt, min prins!
Рекомендации по теме
Комментарии
Автор

A terrific friend shared this with me ...My God. This is entirely gorgeous. Purely Fuckin' Delightful, the deeper I listen ... 
The graphics selected elevate this soul touching song to Sublime.

Dysgyzed
Автор

Har lige læst Hamlet... det er endnu mere trist at høre på :(

nixondesuyo