RØFF-camp 2024

preview_player
Показать описание
Campliv, bading, sol, nye vener, gamle vener, fjelltur, brevanding, distriktsleiar Synøve sine sveler, førstehjelp, øving på søk og redning – og ikkje minst, sang, dans og glede!

Røde Kors i Sogn og Fjordane, Luster Røde Kors og Landsråd Hjelpekorps arrangerte Nasjonal RØFF-camp for 170 unge og vaksne på Lyngmo i Luster. President i Røde Kors, Siri Hatlen opna campen på onsdag. Til leirdeltakarane sa ho:

– Beredskap er noko som blir viktigare og viktigare i dagens samfunn. Det handlar om mange forskjellige ting, om alle endringane som skjer rundt oss og om alt som endrar seg med vêret og klima. Og med det bakteppet er denne campen kanskje viktigare enn den nokon gang har vore. Og de som er her, håpar eg kjem til å vere med i veldig, veldig lang tid framover, i hjelpekorpset, eller å bidra med andre oppgåver.

Torsdag var presidenten med på brevandring på Nigardsbreen. Ungdommane fekk sjå klimaendringane med eigne auge då breen har trekt seg tilbake 20-30 meter det siste året.

Vidare var det fellestur til fjellet Molden på fredagen og det var ringløype med ulike Røde Kors-aktivitetar på laurdag. Campen avslutta med konsert med Gunn Kvåle og DJ. Ungdom og vaksne dansa i pøsande regn.

Musikk: Summertime â LiQWYD (No Copyright Music)
Foto: Jostein Vedvik, Silje N. Bale og Lene Sørøy Neverdal
Klipp: Lene Sørøy Neverdal
Рекомендации по теме