Ulstein Mannskor 140 år

preview_player
Показать описание
Den 3. november 1884 hadde Ulstein Mannskor si første korøving.

Koret har dermed halde det gåande i 140 år. Dette vil vi feire! Feiringa skjer på kulturhuset Sjøborg i Ulsteinvik, på fødselsdagen 3. november. Her vil koret finne fram nokre av høgdepunkta gjennom skiftande tider, og vise kva vi er gode for i dag.

Men vi blir ikkje aleine. Mannskor-tradisjonen står sterkt på Sunnmøre, og fleire av mannskora frå nabobygdene blir med; Grimstadkoret, Vyrde Mannskor, med fleire.

Her blir det godt humør, kvalitet, tradisjon og nyskaping! Ta med deg ein venn og kos deg på jubileumskonserten. Velkomen!

Helsing

Ulstein mannskor