filmov
tv
3 sundag i advent 2022 | Matt 11,2-11 | 11. Des 2022

Показать описание
2 I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: 3 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» 4 Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
5 Blinde ser, og lamme går,
spedalske blir reine, og døve høyrer,
døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.
6 Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.» 7 Då dei gjekk bort, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? 8 Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane. 9 Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! 10 Det er om han dette er skrive:
Sjå, eg sender min bodberar føre deg,
han skal rydda vegen for deg.
11 Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.
Matt 11,2-11